nokon
23k innlegg
Eg bruker iPad til mykje av det same som macen, når det gjeld surfing og slikt. Eg synest og han er fin til å lese større dokument og artiklar og notere i. Til dette bruker eg GoodReader. Eg abonnerer på fleire magasin, The New Yorker, The Paris Review og Litterary Magazine. I NewsStand-appen som følgjer med, kan du finne ting du er interessert i og abonnere eller kjøpe enkeltnummer av blader og magasin. Foreløpig dårleg utval av norske, men amerikanske magasiner er det mykje av. Elles les eg ein del gjennom appen FreeBooks og Kindle-appen. Men til det føretrekk eg lesebrett.