Det er jo ikkje tvil om at sosialhjelpssatsane er låge, viss ein ser kun på staten sine rettleiiande satsar. 5288,- for ein einsleg å leve på etter at buutgifter er dekka, er ikkje mykje. Iallefall ikkje viss ein har ymse abonnement, som parabol, mobil og internett.. Det ein må huske på, er jo at dette er den faste stønaden, som vanlegvis ikkje er skjønnsbasert. I tillegg vil dei fleste få ekstra hjelp i særskilde situasjonar, f.eks viss vaskemaskina ryk, ein treng nye kle, må i gravferd og findressen har hol, osv. Og gjerne ekstra tilskot til jul og liknande. 5288,- er difor pengar til det heilt ordinære forbruket ein har til mat, abonnement, og enkel supplering av garderoba.
Viss ein f.eks har utgifter til bil, og kan sannsynleggjere at ein har behov for å disponere bil pga <viktig oppdrag>, går mange kontor inn og dekker desse utgiftene.
Viss ein tek ei familie med to born under 5 år, vil ein sitte igjen med 12817,- etter at buutgifter er dekte. Viss NAV ser det tenleg at borna er i barnehage (gjerne fordi mor/far er arbeidssøkarar, eller har deltidsstillingar som er viktige å oppretthalde), dekker ofte NAV barnehagen i tillegg. Vidare reknar mange kontor barnetrygda utanom, sånn at ein kan plusse på 1940,- til summen over. Fett er det jo ikkje, men eg trur nok periodevis at enkelte småbarnsfamilier med foreldra i full jobb, ikkje har veldig mykje meir igjen når huslån/straum/forsikringar er betalt..
