Eg har brukt både blogspot og wordpress og er mest fornøgd med wordpress. I blogspot er ein veldig "låst", medan i wordpress kan ein ordne litt sjølv og fikse litt og forandre litt på ting, betale seg til ekstra moglegheiter og liknande. Wordpress har og større grad av fleksibilitet med tanke på layout og eg liker grensesnittet betre. Eg synest og wordpress-appen til iPhone/iPad gjer det enkelt å ta notater til postar og å følgje opp kommentarar, sjølv om ein ikkje sitt pal framføre dataen heime. Wordpress har og eit fortrinn med tanke på kommentarar og spam, og ein slipp dei uleselege robot-verifiserings-greiene som blogspot driv med.
Eg blogger delvis for skrivetreninga sin del og delvis fordi eg ønsker å kunne dokumentere at eg kan bruke houvdet, til tross for at eg er i ferd med å opparbeide meg eit ganske stort sjukdoms-hull i cven min. Etterkvart har eg og funne ut at det er eit miljø rundt blogging, som det er fint å delta i.
nokon
23k innlegg