Er det noko galt med regntøyet? Det er av billig type H&M, og nå såg eg faktisk at det var eit lite hol bak på eit lår. Det blei kjøpt i august. Støvlane er Dockboots (?), og eg trur dei fungerer som dei skal, men han er altså våt oppi.
Er det slik at der finst regntøy som held ungane tørrare? Kanskje er dyrare merker betre rundt foten og hendene? Han leiker veldig i vatn ja - eg mistenker at han omtrent sit i dammane (og han er tross alt 5 år og burde vite betre). Kan aldri hugse at storesøster var så gjennomvåt når ho gjekk i barnehage.