nokon
23k innlegg
Det kan hende det er ei dialektgreie, ja. Eg reagerte som sagt på at Flatland brukte nokon der eg ville brukt nokre. Eg har jo retta dette i stiler jo... 
Startet av nokon 84 svar 35k visninger
·Nokon
Demonstrativet nokon har slik bøying:
nokon bil noka avis noko hus nokre/nokon bilar
Det er viktig å merke seg skiljet mellom nokre og nokon. Eit slikt skilje finst ikkje på bokmål (noen). I fleirtal blir nokon nytta særleg i nektande og spørjande setningar:
Møtte du nokon turistar på vegen? Ja, nokre få på veg til Straumbua. Eg ville at alle skulle delta, eg ville ikkje ha nokon unnasluntrarar. Men nokre av deltakarane sneik seg unna likevel.
Det kan også vere nyttig å jamføre med engelsk some og any. Any kan omsetjast med nokon, og some kan omsetjast med nokre:
Did you see any cars? Såg du nokon bilar? I saw some cars. Eg såg nokre bilar. I didn’t see any cars. Eg såg ikkje nokon bilar.
Darth skrev:Eg har oppfatta at nokon har blitt tillatt form der ein tidlegare måtte nytta nokre - men det er feil altså?
Stompa skrev:Jeg tror ikke man kan velge å bruke nokon overalt. Før kunne man derimot velge å bruke noen i stedet, og bøye som på bokmål, men den muligheten ser ut til å være borte nå.
Toffskij skrev:Klart det er lov.
Logg inn for å svare i denne tråden.