Er det ein samanheng mellom kjønn og om du omtaler folk du ikkje er nær med fornamn og/eller etternamn? Spesifiser gjerne i tråden om dette er bevisst eller ikkje og om det er noko du tenker over.
Eg lurer fordi eg synest det er ein generell tendens til å omtale menn med etternamn og kvinner med fornamn eller fullt namn. Dette er for så vidt aktualisert av oppslaga rundt Therese Johaug, men eg har tenkt på det både når eg har vore i kontakt med helsevesenet og når eg har lese kulturstoff. Eg har inntrykk av at det for eksempel er snakk om Knausgård og Vigdis Hjorth, Marit Bjørgen og Northug i media. Stemmer dette? Og i dag fekk eg beskjed om noko innretning av at (mannleg) "Dr. Pettersen" er ikkje din lege her på huset lenger, det er ei som heiter "Anita" som er legen din nå. Og det åpenbare eksempelet Hillary og Trump treng eg vel nesten ikkje nevne?
Poll kjem.
nokon
23k innlegg
Er det samanheng mellom kjønn og bruk av namn?
Eg omtaler vanlegvis begge kjønn med både fornamn og etternamn42% (14)
Eg omtaler vanlegvis begge kjønn med etternamn6% (2)
Eg omtaler vanlegvis kvinner med begge namn og menn med etternamn6% (2)
Eg omtaler vanlegvis kvinner med fornamn og menn med etternamn6% (2)
Eg omtaler vanlegvis menn med begge namn og kvinner med etternamn0% (0)
Eg omtaler vanlegvis menn med fornamn og kvinner med etternamn0% (0)
Eg omtaler vanlegvis begge kjønn med kun fornsmn33% (11)
Du har gløymd mitt alternativ6% (2)
33 stemmerUtløpt