Jeg skal til Dubai i Januar, og ønsker tips om det meste.
Finnes det ikke hoteller på stranden der? 😕 Jeg har prøvd å lete men finner ingen.
Hvor bør man spise?
Hva bør man se?
Osv
venla
9,4k innlegg
Har ikke vært der selv, men de jeg kjenner har bodd ved Jumeira beach. Der er det både hoteller på stranden og inne i byen.
nokon
23k innlegg
Vi var der i februar for halvanna år sidan, veldig deilig. Det er ein strandpromenade med mange hotell ved Jumerira Beach. Vi budde på Möewenpick, og var godt fornøgd, bortsett frå at det var skugge ved bassenget fram til 13-14-tida. Det var under 100 meter å gå, frå hotella langs promenaden, til strandkanten. Det var og veldig godt utval i restauranter langs denne strandpromenaden. I det heile tatt hadde Jumeira Beach-området alt vi trengte for stranddelen av ferien. Det er ein ti minutters biltur frå bysentrum, så vi tok bane/taxi inn til byen for å få bydelen av ferien også. Ein kan jo velje å gjere det omvendt, men det var veldig deilig å bu langs stranda og reise inn til byen, synest eg.
nokon
23k innlegg
Og kva ein bør sjå... Burj Kalifa er vel obligatorisk, vi var der om kvelden og lysfontenene på bakken var spektakulære. Vi var og på ørkensafari, med middag i beduinerleir. Det var artig, men veldig turistifisert og det kjendest ikkje akkurat som ei autentisk arabisk oppleving. Det er fleire store handelssenter der, alle har bønnerom for både kvinner og menn. På det eine er det innandørs slalombakke og det andre har eit gigantisk akvarium. Storleiken på butikkane er i seg sjølv fascinerande. Men alt dette finn du i dei fleste turistbrosjyrer.
Vi var på omvisning i ein moské, det synest eg var veldig spennande. Det var ein organisasjon som heite Open Doors, som dreiv med kulturformidling, som organiserte det. Det er faste tider i veka, ein kan dra dit.