Sånn motorgreier har eg ikkje peiling på. Men me er fornøyde med bilen. Den er trygg og forutsigbar. Det er ok plass. Barna har god oversikt frå baksetet. Poden sat i Duologic bak passasjersetet, og det fungerte greit. Det gav ikkje masse beinplass, men nok til meg på 165cm. To barneseter er fint. Tre er litt i trangaste laget. Men det har vel litt med kva type sete ein velger å gjere.
Me har eit totalt uromantisk forhold til bil, og kjøpte berre same type som kollegaen min og mannens søster. Dei var fornøyde, og dei hadde meir peiling på bil og da stolte me på deira beslutning.
Men eg køyrer Peugot 5008 mykje på jobb, og skulle eg valgt igjen så hadde eg nok gått for denne. Eg synes den har betre køyrekomfort. Eg sitter meir komfortabelt i den. Den har ein del kvalitetar som eg nok aldri hadde sakna i utgangspunktet, men som er forlokkande når eg no veit at dei finnes. Om du forstår.
Men VW har vel rykte på seg for å vere meir driftssikker enn Peugot? Eller?