Hvor ofte går du ut på byen/fester du,
Aldri på byen. Kan ikkje hugse sist gong. Før vi fekk barn: sånn ca. aldri

, kanskje ein gong i året når ei desperat single veninne måtte ha eit alibi å gå saman med (eg var også single, men akk så lite desperat). Syns at det er
DREPEN KJEDELIG på byen

Eg har alltid syns det. Eg syns til og med at russetida var DREPEN KJEDELIG. Trur eg fekk ei gammal sjel allereie i tenåra. Eg ga som regel uttrykk for at eg syns heile greia var dørgande kjedelig og for heim.
Eg er aldri på privat fest, i den forstand at vi er oppdolla, har musikk og roper rare ting til kvarandre. Vi HAR likevel eit sosialt liv. Vi er ofte saman med venner i helgene, før ungane si leggetid. Det hender vi overnattar. Det er herlig; då får vi fred frå ungeståket og kan prate ut i dei små timar.
ELSKAR å gå ut og ete og gå på cafe, men det går ikkje med små barn. Før vi fekk barn gjorde vi dette minst to gonger i veka, som student nesten kvar dag.
Før gjekk vi forresten masse på kino, men sidan vi ikkje har barnevakt er det slutt på det. Lastar ned mykje og har filmkveld kvar fredag i stova
hvor mye drikker du i gjennomsnitt.
Eg drikk ca. 1-2 glas vin i veka, og/eller ein øl, vanligvis i samband med god mat etter at ungane har lagt seg. Og ein god film. Og mannen min.
hvor mye penger bruker du,
På byen eller fest? Ingenting.
og når pleier du å gå hjem?
Litt vanskelig å svare, men dei gongene eg var ute i forrige århundre (de facto) har eg prøvd å komme meg heim så fort som mulig utan at alle roper: "jammen herreguuuud, skal du heim NÅÅÅÅ???"

Vanskelig å finne det riktige tidspunktet.
Hva er det å gå ut ofte/sjelden for deg?
ofte: annankvar veke.