No ventar me vestlendingar på litt nedbør.
- Dersom me samlar opp nedbøren som kjem dei neste tre dagane hadde dette dekka årsforbruket vårt på vatn
- På få timar reknar ein med at me får 20 % av den nedbøren som østlendingane får på eit år.
- Det som kjem ned på eit mål stor tomt, tilsvarar 1200 vatnspredarar med åpen kran i ein time.
( henta frå ein artikkel i aftenposten )
I tillegg er det varsla tropenatt i natt.
Som vestlending er eg jo vant til regnværet, men regn i kombinasjon med varme er ikkje noko særlig.
Uansett, det kan bli artig å snakka med østlendingane på telefonen dei nærmaste dagane