Absolutt 16"!
Vi gjorde ein skikkelig tabbe då vi kjøpte for stor sykkel til vår eldste jente. Vi kjøpte 16" til 4-års dagen, men burde nok kjøpt 12". No er ho 5,5 år og ho har hata den sykkelen heile tida. Alt var skummelt, sjølv om ho hadde støttehjul. Men for to veker sidan fekk ho låne ein 12" av ein fetter, og etter ein dag suste ho av gårde uten støttehjul!

No skal vi la ho få fortsette med 12"-sykkelen litt til, slik at ho blir heilt trygg, før vi går tilbake til 16"-sykkelen. Sykkel med 20" hjul ventar vi nok minst eit år til med.