Hentet fra oppskriftsiden min på fb:
I nyaste Maison mat og vin var det mange fristande oppskrifter, mellom anna denne på quinoasalat med lam og mangochutney-dressing.
Oppskrifta er til fire personar. Hugs at du ikkje treng følge oppskrifta slavisk, putt oppi det du vil og så mykje/lite du vil av alt.
600 g ferdigsteikt lammekjøt (perfekt å bruke restar)
200 g quinoa
1 sitron
2 appelsiner
3 ss god olivenolje
1 mango
3 dl yogurt naturell
1 ss mangochutney
150 g blanda salat
fersk mynte
fersk koriander
Kok quinoa etter anvisning på pakken
Skjer ut filetane av appelsinene. Press safta ut av restane og ta vare på den i ein bolle. Press saft av sitronen saman med appelsinsafta, bland i olje, salt og pepar til dressing.
Del mangoen i skiver.
Bland yogurt og mangochutney.
Anrett salaten, ha over dressing og strø friske urtar på toppen.
Server med mangochutneydressing.
---
Vi hadde ikkje lammerestar og det var vanskeleg å finne anna enn store steiker. Eg kjøpte kotelettar som eg skar ut det reine kjøtet frå. Det la eg 2 timar i sous vide på 58 grader og etter ein kjapp runde i panna med salt og pepar var det perfekt saftig og mørt.
Quinoa smakar ikkje så mykje i seg sjølv. Eg tok litt hakka urtar (mynte og koriandar) og blanda inn saman med litt av sitrondressingen. Det gjorde seg.