Kahlan skrev:
Vårt favoritthotell og. Neste gang vil jeg ha en av de nyoppussede leilighetene der de har privat basseng
Har du sett på prisane?
Eg bestilte to veker i juli 2016 i går og såg at denne typen ville ha kosta 89 000 for to veker for to voksne og tre barn. Og det er uten mat.
Dei heilt nye med privat basseng nærmast sjøen var allereie utsolgt heile juli, så der fekk eg ikkje opp pris. Tippar det er omtrent det samme. Kanskje endå meir sidan det der også er litt havutsikt.
Eg prøvde å overtale mannen til å bestille Big Family slik at vi får to soverom. Men han syns det også blei for dyrt (71 000), så vi endte opp med vanlig 2-roms Family med balkong til ca 50 000. Eg klarar ikkje heilt å sjå for meg kor det tredje barnet skal få plass utifrå plantegninga, men det står at det skal vere plass til 3 ektrasenger, så vi får vel berre stole på at det går.
Vi kjem sannsynligvis til å oppholde oss svært lite på rommet uansett, så vi treng ikkje noko særlig plass. I år var vi på Blue Village Aegean Park på Rhodos og der var vi på rommet frå 23 til 09 for soving og mellom 16.30 og 18 for dusjing. Resten av tida var vi opptatt med alt det som foregikk på hotellet og på stranda. Den ekstra store balkongen eg hadde bestilt for at vi skulle nyte litt kvalitetstid på kveldstid uten å sitte oppå kvarandre var knapt i bruk. Den blei vel helst brukt til å oppbevare flytemadrass og krokodille, samt tørke klær.
Vi har hatt All inclusive tidligare, men denne gangen tenkte eg at vi skulle prøve oss på La Tasca inclusive den eine veka og Sunwing inclusive den andre veka. Då tvinger vi oss sjølv til å kutte ned på is og brus mellom måltida pluss av vi får litt avveksling frå buffet-mat. Men eg får tydeligvis berre lov til å gjere eit valg ved bestilling? Så når eg krysser av for ei veke med La Tasca inclusive får eg ikkje lov til å velge noko for den andre veka. Irriterande!
Så eg må nok ringe til Ving og spørre om det er mulig å fikse det manuelt.