Så no er eg på jakt etter erfaringar og tankar rundt det å ha kanin.
Rasen som eg har sett meg ut er Belgisk kjempe. Eg veit at den krev god plass og ein god del mat. Men kor mykje plass ? Den skal vera ute, så me må tenkja på både hus og utegård til den.
Og så er det mat. Høy og friskt vatn er greit. Men kva anna. Skal dei få pellets eller ikkje ? Frukt og grønt ?
Og sist men ikkje minst. Kjønn og antall. Bør me kjøpa to stykk slik at dei har selskap i kvarandre og eller er ikkje kaninar så flokkdyr som enkelte vil ha det til ?
Kom gjerne med svar på alle dei tinga som eg ikkje er klar over at eg lurar på og
Eg vil berre vera sikker på at me gjer alt rett dersom me skaffar oss kanin igjen.