Vi har kjøpt inn omlag fire meter billy-hyller, som mannen har vore så snill å sette opp til meg. Nå har eg 28 pappesker med bøker som skal sorterast inn i hyllene. Eg tenker at dei sjølvsagt skal stå alfabetisk og etter sjanger (romanar, dikt etc.), med unntak av seriar som Verdensbiblioteket og liknande, som bør stå samla. Men så ser eg i interiør- og bokbloggar at stadig fleire sorterer bøkene sine etter fargar, og at det kan bli ganske lekkert.
Så spørsmålet er: Korleis sorterer og organiserer du bøkene dine?
nokon
23k innlegg
Korleis sorterer du bøkene dine?
Alfabetisk etter etternamn35% (37)
Etter farge på omslaget10% (10)
Etter storleik16% (17)
Etter sjanger31% (33)
Sortere bøker? Eg sett dei inn i bokhylla31% (33)
Eg les bare ebøker3% (3)
105 stemmerLogg inn for å stemme