007 skrev:Å like seg, å trivast, å vere roleg.
Eg trudde det var noko sånt.
Startet av -ea- 191 svar 29k visninger
007 skrev:Å like seg, å trivast, å vere roleg.
Inagh skrev:Det var søndag morgon og småsporven trampa i tunet.
Maverick skrev:Eg og.
Candy Darling skrev:Eg merker allereie at det er vanskeleg å skrive nynorsk i ein del trådar som er meir alvorlige. Det kjens som om eg tullesvarer, på eit vis. Håper det ikkje er nokon som tar det ille opp.
Che skrev:Eg har ikkje sett så mykje nynorsk i andre trådar- eg er mykje mer trygg når eg skriv på engelsk, trur eg.
Kirsebær skrev:Helt uaktuelt, faktisk.
Tallulah skrev:Kan du være nynorsk-læreren min, Rine? Eg har berre ved eit par anledningar skrive nynorsk siden videregåande.
rine skrev:Det kan eg.
I den andre tråden skreiv du faktisk jeg (som eg reknar med var ein glipp), og så bøygde du element som eit hankjønnsord- det er eit inkjekjønnsord. Bortsett frå det var du veldig flink!
(Og så heiter det sidan, ikkje siden, på nynorsk.)
Tallulah skrev:Yay, takk. Du er veldig (det kan eg skrive, ja?) motiverande. Jeg var ein glipp. Eg prøver å plukke vekk dei fleste orda som virker for outrerte.
Eg har null peil på når eg bruker -er og -ar, både i verb og substantiv. Eller -en og -an. Kan du gje meg ein regel?
Magica skrev:Eg vil gjerne skrive god nynorsk, men slit med at eg ikkje har godt ordforråd eller setningsoppbygging. Eg har berre hatt liksom-nynorsk på ungdomsskulen og litt på videregåande (handel og kontor), men skulle eigentlig brukt nynorsk meir i jobben min. Er heilt amatør. Har og fått kritikk av nynorsken min i jobbsamanheng (var ikkje noko kjekt).
Logg inn for å svare i denne tråden.