Menorca har mange fine små badeviker med kvit sand og krystallklart vatn. Ei veninne av meg var der no i sommar og syns det var heilt fantastisk! Eigentlig var det eg som satte ho på idèen sidan eg hadde planar om å reise dit, og så endte det med at ho reiste og ikkje eg
Eg har som mål å komme meg dit i 2016. Eigentlig hadde eg tenkt å reise dit i år, men så feiga eg ut fordi eg har ein overaktiv 3-åring, så eg orka ikkje tanken på flybytte og ein heil dag med reising. Det går ingen direktefly frå Bergen.
Det er litt knotete å komme seg dit med rutefly frå Oslo og, men dersom du reiser med Star Tour kan du komme deg dit med direktefly frå Oslo. Eg veit at du ikkje er spesielt glad i charter-ferie, men det går fint an å bestille berre fly gjennom Star Tour og så fikse overnatting på eiga hand.
Det er også eit par gamle byar på Menorca (Mahon og Ciutadella) og i Cala'n Bosch er det badeland og Go-kart bane. Det er også mulig å bli med på kajakk-turar, utforskning av grotter (med kajakk!), leige sykkel og sykle på stiar i terrenget osv.
Soyamelka kan eg ikkje garantere
