Denne kaka er ei skikkeleg snopekake, browniesaktig botn med kjempegod glasur i rause mengder.
BOTN
100 g smør
3 dl sukker
1½ ts vaniljesukker
¼ ts salt
4 ss kakao
1½ dl kveitemjøl
2 egg
4 ss hakka mandlar. (Eg har gjerne i nokre ss ekstra)
---
SJOKOLADEGLASUR
100 g smør
3½ dl melis
3 ss kakao
3 ss kaffe
2 ts vaniljesukker
----
Smelt smøret og avkjøl, bland saman alle ingrediensane. Ha i ei 24cm form. Eg har bakepapir i botn og neste gong må eg hugse å ha papir langs kantane også, for den heng lett fast sjølv om ein smører godt.
Steik på 175 grader, 30 min nederst i ovnen.
Avkjøl
---
Smelt smøret til glasuren og bland inn resten av ingrediensane. Smør på når kaka er kald.
---
Får ikkje heilt til EDB i dag, så planen om å legge til bilete gjekk ikkje heilt. Her er lenke til pyntetips iallfall. Snopet kan lett byttast ut til noko meir eksklusivt om ein ynskjer.
https://drive.google.com/file/d/1-TrBonl5crV2-9jBMTTVkrEJE5iPf5Y9/view