Vinteren har gått og me har vert spente på om begge kubane ville overleve vinteren. Med ujevne mellomrom har me vert borte og lytta. Hmm, var det ikkje eit lite bzzz me høyrte der??
No endelig var tida kommen for å opne døra så biene kunne ta turen ut. Og kva finner me? Joda, full liv i begge kuber. Ein høyrer summinga før ein ser kubane no. Og jammen meg har dei ikkje funne pollen alt som dei hentar heim til kuben sin.
Me gleder oss masse til vår og sommar. Kva får me henta ut??
Ein av våre små produsenter
Eine kuben open
Jobbe rolig og forsiktig
Innsida av lokket. Desse var ikkje heilt nøgd då mannen dunka i lokket for å få dei ned i kuben. Snakker om sky av bier. Og meir skal det bli