I dag har eg tatt i mot to stykker. Mio er ein liten krabat som ikkje kom seg i hi, hausten 2014. Så han har vert i fosterheim og blitt fora opp og stelt med der. Men, sidan fosterheimen bur ganske sentralt, så var det betre for han å komme ut her på landet.
Han kom saman med det som dei trudde er ei jente. Ho har fått namnet Bella. Bella er blant dei første pinnsvina som er dukka opp i år. Litt skada, mangla litt pigger, men ser frisk og fin ut no.
No skal desse to bu her hjå meg ei stund, fram til dei er sjølvstendige nok til å klare seg ute i skogen.
Om ikkje anna så er det litt artig å få studert desse småtassane på nært hald. Men, søren meg kor dei piggande kan stikke.
Mio
Bella