Timar skrev:
Har du sett på Apollo sine Mondohoteller? Vi bodde på Santa Helena i sommer. Et fantastisk hotell rett på stranden. Byen var litt travel, men etterhvert fant vi ut at vi kunne gå langs stranda i stedet for langs den smale, trafikkerte hovedveien, og da ble det mye hyggeligere. Apollo ser ut til å ha mange tilsvarende hoteller på de greske øyene.
Tui reklamerte hardt for Splash-hoteller tidligere, men nå finner jeg ikke noen som er merket spesielt med badeland.
Jeg er så innmari solsyk at jeg bruker alt for mye tid på å drømme meg bort på reisesider om dagen.

Tui har fortsatt Splash-hotell med badeland. Du finn ei oversikt over dei her:
https://www.tui.no/hotell/splash-world/
Eg har sett eindel på desse tidligare og også på Ving sine hotell med badeland, men det var eit eller anna med alle som gjorde at dei var uaktuelle.
Altfor langt til strand, dårlig omtale av maten eller langt ute i gokk uten gangavstand til ein einaste butikk. Men eg såg berre på dei som det er mulig å reise til frå Bergen. Dersom du reiser frå Oslo er det litt fleire alternativ!
Eg er einig med dei som meiner at dine barn eigentlig er for store til aktivitetane som er på dei typiske familehotella, Strutsen. Det er eigentlig mine barn også, men eg syns det er vanskelig å finne hotell i andre kategoriar som har både vannsklier, god mat og nærhet til strand. Derfor ender vi likevel opp på desse hotella. Men då betaler vi eigentlig for eindel tilbud som vi ikkje benytter oss av. Og vi må tåle eindel skrik og skrål frå andre sine barn.
Dersom du er ute etter å få mykje for pengane og ikkje er så opptatt av at det må foregå så mykje barne- eller ungdomsaktivitetar på hotellet er dette hotellet på Kreta eit godt alternativ:
https://www.tui.no/feriereiser/hellas/kreta/agia-marina/blue-star-iolida-village/pc-000087728/
Prisen er godt under Sunwing og Tui sine beste familiehotell, det er badeland der, store og lyse nyoppussa leiligheter, kort veg til fin strand og mange gode restaurantar i nærheten. Minuset er at maten på hotellet er relativt dårlig, så der ville eg ikkje hatt all inclusive. Ti gangar bedre mat på Nostos restaurant fem minutters gange frå hotellet. Bassenga var kanskje litt små etter mine barn sin smak. Men badelandet med vannsklier trakk heilt klart opp! Det var også veldig rolig og stille der og veldig få barn under 6 år. Det hjelper veldig i forhold til støynivået ved bassenga. På Sunwing-hotell er det veldig mange småbarn og alltid minst eit barn som griner over eit eller anna både ved bassenget og i restauranten. Mine barn er fortsatt såpass små at eg har denne erfaringa friskt i minne sjølv, så eg tenker berre "Godt det ikkje er mitt barn". Men om eit par år er eg nok heller på "Få no den ***** ungen til å slutte å skrike!" Og då er det på tide å finne seg eit anna hotellkonsept
I år skal vi hit:
https://www.tui.no/feriereiser/hellas/rhodos/kolymbia/blue-star-atlantica-holiday-village-rhodes/pc-000087933/
Dette er virkelig eit svært hotell med masse folk, så eg er redd eg kjem til å få litt klaustrofobi igjen. I tillegg er det mykje engelskmenn der som har eit anna drikkemønster enn oss skandinaver. Omtalen er på TripAdvisor er ganske blanda. Nokon syns det er heilt fantastisk mens andre syns det er heilt grusomt. Så eg er litt spent....Men det er store basseng, vannsklier, all inclusive og mulighet for swim-out, så ungane kjem nok til å elske det. Og det er eigentlig det viktigaste for meg. Når ungane er blide på ferie har eg det bra! Vi har bestilt rom med swim-out i ein del som ligg litt for seg sjølv på andre sida av gata (Tropical) og eg trur det er litt roligare der. Så vi kan trekke oss tilbake dit når det blir for ille ved dei store bassenga.
Ellers har eg inntrykk av at Tyrkia har mange hotell med strand, vannsklier og all inclusive, men eg forstod det slik at det ikkje var aktuelt. Det er det heller ikkje for meg.