Vi er veldig, veldig glad i skyr her i huset. Mannen er islending, og islendingar et i snitt 11 kilo skyr i året
Skyr er jo ein ost som vikingane sannnsynligvis hadde med seg då dei reiste til Island. Så at den ikkje skulle finnast her var ei gåte for meg. Heilt til eg nå fann ut at joda, den er ikkje ukjent, men at den nesten har gått ut av bruk hos oss. Da lurer eg på om nokon her kjenner til skjør?
Mange framgangsmåtar på nett, m.a. her.
Vi har tenkt å begynne å lage skjør /skyr heime. Har tenkt å skaffe ei god panne der ein kan regulere temperaturen. Svigerfar kjem neste månad og kan ta med ein boks skyr som vi kan ha som start (vi syns islandsk skyr er litt betre enn den norske). Og så treng vi løpe. Er litt forundra over at Rørosmeieriet seier at skummamelka må vere syrna, men alt vi finn av oppskrifter for skyr på nett seier at det er søt skumma melk.
Nuvel - kjenner du til skjør eller skjørost?