Snakka faktisk med malaren i dag om dette - han er i gang med å sparkle. Her er bilde frå huset 🙂
Han foreslår eggehvit på heile greia - på vegger og tak. Eg er med på den tanken, men har altså dilemmaet med kjøkkendørene igjen. Dei fire høgskapa skal lakkerast grøne, så her får vi ei brytning, men 6 overskap og 18 benkeskap er i kvit høgglans... Trur det skal gå greit i forhold til benkeskapa, men er meir bekymra for overskapa som vil ligge tett opp mot veggen over. Er nesten så eg vurderer å velge annan front her, men da får vi eit sammansurium av kvit høgglans, grøn høgglans og noko anna. Må tenke vidare. Har ei veke å tenke på.
Har malt opp tre kvitfargar som prøve på lerret. Fann ut at "letthet" var den beste - den har litt varme i seg, men er redd et vil bryte både med dørene og med kjøkenskapa, så da blir jo alt heilt feil

Held ein knapp på eggehvit altså.