Eg kan jo skrive kva eg gjorde me mi gryte og. 🙂
Først prøvde eg
denne metoden. Smør og litt mjøl, skrape ut. Fikk vekk masse masse drit, men det sat framleis att ein del rust, så eg brukte varmt vatn og skrubb.
Deretter hadde eg eit ca 1 cm tjukt lag med heilt vanlig salt i gryta og sette den på plata på sterk varme. Det rauk ein god del, og enorme mengder med skitt festa seg til saltet. Skrapte rundt nedi der og fekk laust alt som sat fast, før eg skylte godt i varmt vatn. Lot den tørke før eg smurte den inn med matolje, og lot den stå ei stund i varm omn. Vart smurt nokre gongar før den såg heilt fin og ny ut, og no er den riktig så lekker blitt.
Må berre få ånden over meg til å gjere det same med panna.