Ja, kløyvd infinitiv er rein språkhistorie. Alle verb på meir enn to stavingar får -e, men verb på to stavingar fell i to grupper. Om verbet var eit overvektsord, dvs. eit ord med lang vokal, lang konsonant eller båe i første staving
på norrønt (

), blir det e-infinitiv då òg. Men om ordet var eit såkalla jamvektsord, det vil seie at det var kort førstestaving på norrønt (kort vokal + kort konsonan),
då får ein a-infinitiv.

Det er sjølvsagt slik at dette systemet er meir eller mindre intakt (ofte mindre, skal ein vere ærleg) i mange moderne dialektar, og det er dette kløyvd infinitiv-norma er bygd på. Du kan sjå det på brei austlandsk, t.d., det er difor folk seier «værra».