Baking utgår, stort sett. Eg hadde omgangssjuka frå helvete, og var først på beina forrige onsdag. Og så har me hatt ei vekes karantene i tilfelle dei andre skulle vere smitta. I går, 6 dagar etter at eg vart frisk, 10 dagar etter at eg byrja å kaste opp, fekk Poden høg feber og i natt spydde han. Det er rimelig utelukka å byrje med baking da. God jul, liksom. Men me prøver å ikkje ta det så tungt. Noko har me da ordna:
Gåvene er nesten ferdige. Har berre eit par igjen.
Julevasken...

Det tar me ikkje så høgtidleg.
Juletre er kjøpt inn. Noko utelys er hengt opp. Og eg skal ha voksenpoeng for julegardiner i år.
Peparkaker skal pyntast og peparkakehus må monterast. Ein dag. Ikkje så fristande med virus i hus.
Jula skal, heldigvis, feirast hjå svigers, så me trenger ikkje tenke så veldig på det. Første juledag er eg på jobb og da eter resten av familien hjå svigers. Andre juledag er me invitert til mine foreldre.