Men det er forskjell på å få beskjed om å gå ned i vekt fordi det er relevant for den tilstanden du mottar behandling for, og på å få spørsmål om kosthold og aktivitetsnivå i staden for utredning for deg du er henvist for.
Eg har hatt store variasjoner i vekt gjennom livet, og mens eg var tynn/ normalvektig fekk eg aldri spørsmål på jobbintervju om kor vidt eg trudde eg var i stand til å klare ein fysisk krevande jobb. Eg fekk aldri «Kva f*** er det ho innbiller seg»-blikk dersom eg gjekk inn i ein kjedebutikk for å kjøpe sokker. Og nei, eg fekk aldri spørsmål om kosthold, blei aldri avvist av spesialister når eg søkte helsehjelp for heilt andre ting.
Som tjukk kjenner eg på denne diskrimineringa heile tida. Og eg beundrer folk som tør å stå fram om det, som Maria i denne saken her:
https://www.nrk.no/innlandet/maria-ble-vist-bort-fra-cafe-nero-i-trysil-fordi-hun-hadde-pa-for-lite-klaer-1.15586133 Då eg las Guro Sibeko si bok, rasismens poetikk, kjende eg eit sterkt ubehag, fordi det ho beskriv som mikroaggresjon er veldig gjenkjennelig for meg som er tjukk. For min del fører sommermote med magetopper og korte shorts til at eg går tomhendt ut frå butikken, men dei som våger å kle seg etter årets mote, som er tjukke, møter blikk, haldningar og kommentarar om at dei er vulgære, samanlikna med tynne folk som kler seg heilt likt.
Særlig i det somatiske helsevesenet synes eg det er påfallande kor lite kunnskap det er rundt kompleksiteten rundt dette med vekt. Det er utruleg mange faktorar som speler inn på vekt, og mange sjukdommar kan påverke evne til fysisk aktivitet negativt. Det er eit kosthold- og aktivitet-fokus, som er veldig opplest og vedtatt. Det er ikkje meir enn eit år sidan eg fekk ein åpenbart fatshaming kommentar frå ein lege, som ikkje hadde møtt meg, over telefon. Eg forsøkte å gå i dialog rundt det at eg stod på medisiner som gjer vektnedgang vanskeleg, og spurde om relevansen i den situasjonen. Men denne legen var like bastant.
Det er så mykje skam, så mykje stigma og så utruleg lite forståelse for kompleksiteten i dette, overalt i samfunnet. Og eg meiner at når det finst ei bevegelse som står i det ubehaget det er å konfrontere denne skammen offentleg, kan dei få ha hashtaggene sine i fred. Nei, ein hashtag er ikkje freda. Men å bruke ein hashtag som er laga for å bekjempe stigma, når ein ikkje sjølv er ramma av denne diskrimineringa, er respektlaust.