emm skrev:
Vinklingen for å ta opp dette ble bare ekkelt feil fra denne skolen sin side. Jeg blir fristet til å tenke at de voksne der har litt grisete tankegang. Men jeg skal ikke si det, nei det blir for drøyt.:p
Det står jo også i artikkelen i HI at dette var feil: eit internt arbeidsnotat for lærarar, blei sendt ut til elevar og foreldre. Det er mykje som blir sagt på bakrommet mellom lærarar, som ikkje er meint for foreldre og media.
Å svare med at det er dei voksne som har grisete tankegang, provoserer meg! Viss du følgjer med på "Si:d!"i Aftenposten (leserbrev frå ungdommar mellom 13-18 år), vil du sjå at dette med klespress, kroppsfokusering og haldningar til sex er noko ungdommar er svært opptekne av. Sex og nakenheit er i høgste grad til stades i aviser, vekeblad, tv-seriar, musikkvideoar og på nett. Og tenåringer er i ein sårbar fase, i forhald til eigen identitet og eigen kropp. Eg trur dei treng voksenpersonar som seier at dei kan prate om tankar og kjensler rundt dette. Og eg trur det er riktig at voksenpersonar som omgås ungdommar til dagleg ikkje signaliserer ei køyr-på-alt-er-greit-haldning. For det er mange tenåringar som ikkje opplever alt som greit.
Når det er sagt, må eg bare gjenta at eg trur ikkje forbod er vegen å gå!