him skrev:
Ja, jeg skjønner at elevene gjerne vil slippe unna lekser. Jeg vet også om lærere som sier at lekser er en nødvendighet for å komme gjennom pensumet ettersom vi ikke har heldagsskole. Dette er jo ikke noe jeg personlig har et forhold til, men jeg har tatt det for god fisk. Du er uenig i det utsagnet regner jeg med?
Ja, eg er det, for dei lærarane som seier det meiner gjerne at pensum= den og den læreboka. Dei tek sidene i læreboka og deler dei på antal undervisningstimar i året. Er det rart undervisninga vert kjedeleg, einsformig og at elevane vert passive mottakarar av ferdigkonstruert informasjon?
Ein treng slett ikkje ta utgangspunkt i læreboka. Lærarar må bli mykje flinkare til å bruke læreplanmåla som pensum, ikkje ferdigtrykte lærebøker. Då har ein allereie gått i tavleundervisningsfella og slutta å tenke aktiv og strategisk planlegging med motivasjon, aktivitet, refleksjon og meistring som mål.
Overgangen til Kunnskapsløftet skapte mykje brudulje rundt om kring, og for mange lærarar var hovudargumentet at ein ikkje kunne bu seg til Kunnskapsløftet når dei nye lærebøkene endå ikkje var ferdig trykte. For meg er dette hårreisande. Ein treng ikkje lærebøker for å planlegge korleis elevane best kan undervisast i kompetansemåla i dei ulike faga. Kanskje er det heller ein fordel at ein ikkje har slike lærebok-skylappar når undervisninga skal planleggast.
For ikkje å verte totalt fillerista så bør eg vel legge til at ikkje alle lærarar har reell sjans til å lausrive seg frå lærebøkene heilt endå. Det tek tid å endre ein fag- og skulekultur, og ikkje alle skular er like flinke til aktivt å bekjempe den tavleundervisnings-kulturen som har vore rådande.