
Alle er så søte, diplomatiske og forsiktige, eg er rett imponert. Eg er klar over at sofaen ikkje er Bonytt-materiale, men det er ikkje heimen vår heller. Me er veldig lite interessert i interiør, og setter komfort og praktiske hensyn framfor mote.
Uansett kva me kjøper, så vil det vere eit steg opp frå den 15 år gamle grøne Stockholm-sofaen vår. Den er så god at eg sliter med å kvitte meg med den. Og eg har som sagt til gode å finne ein einaste sofa som kan samanliknast med den.
Den moderne sofaen er gjerne i stoff. Det tenker eg lett kan bli flekkete. Og til tross for kva mange trur; skinn føles ikkje det minste klamt i romtemperatur. Me har iallfall ikkje opplevd det sånn. Skinn i bil, derimot, er me ikkje fornøyde med.
Den moderne sofaen er gjerne litt hardare i linjene, og litt hardare sånn sitte/liggekomfortmessig.
Den moderne sofa er typisk nok veldig djup i setet, og for oss med korte bein er det umulig å sitte skikkelig i den. Det er tre måtar å sitte på, og ingen av dei er særleg behagelige:
- med ryggen inntil sofaen og beina rett ut, som ei dokke med stive ledd
- med ryggen inntil sofaen og beina krølla under seg.
- med beina i bakken og utan støtte i ryggen
Ja, og så det fjerde: å ligge.
Eg har rett nok berre sjekka sortementet på Bohus, Ikea, Møbelringen og Skeidar, så mulig det finnes ein sofa for meg også som ikkje er så, eh, umoderne? som denne.
Og eg hadde aldri forventa at majoriteten av FP skulle finne på å like korkje Oslo- eller Stockholmvarianten. Og eg hadde aldri forventa at folk skulle vere så søte i tilbakemeldingane. Men når det er sagt så setter eg pris på det, for det er meget mulig me endar opp med ein sånn ein. Den er ikkje særleg fin, men den er grei nok. Det er eit møbel. Den er praktisk og komfortabel. Mannen har noko han skulle ha sagt. Han har veldig sterke meiningar vedr. komfort, og han vil aldri la estetikk gå først. Eg kan sjølvsagt velge å bruke vetoretten min, men interiør er rett og slett ikkje så viktig for meg at eg vil overkøyre han på dette området. Når det er sagt så har han ikkje blitt introdusert for Oslo-alternativet, men eg er rimelig sikker på at han kjem til å like det.
Me får sjå. Me har god tid. Eg tykjer den grøne sofaen vår er litt festlig, for det er ikkje mange som framleis sliter på ein sånn ein.
