Vi et gjerne laks ein gong i veka, men ein blir fort lei... Tar gjerne imot oppskrifter slik at vi kan få litt variasjon.
Sjølv kan eg bidra med ei FANTASTISK oppskrift -om eg må få seie det sjølv. Heile familien slukte maten - ungane sa at det var beste laksen dei hadde smakt... Ikkje la deg skremme av fennikel -. den blir søt og mør, og treng heller ikkje etast, men gir smak til fiskekjøttet.
Til 4:
Laks nok til alle
1 stor fennikel
1 appelsin
litt nøytral olje
salt/urtesalt
Poteter nok til alle / ris
Lettrømme
Om du vil: Toro rømmesaus med lime og pepper
Snitt opp fennikkel. Legg det på porsjonspakkar med alu-folie, eller legg alt i ei eldfast form.
Skjær appelsin i skiver, og del skivene i to. Legg over fennikkelen.
Legg på laks (eg tok av skinnet, men du kan sikkert behalde det)
Ha over litt olje
Strø på salt / urtesalt
Steik i ovn ved 200 grader. 20 min for porsjonspakkar, litt lenger om du har alt i ei form.
Kok poteter
Rør saman lime- og peppersausen.
Fisken tar smak av appelsin og blir veldig deilig og saftig. Eg kunne sikkert ha ete dobbel porsjon, om det berre hadde vore meir igjen 😀
Del gjerne din favorittoppskrift med laks! Eg prøvde å søke etter ein slik tråd her inne, men fant ingen...
Syrin
5,4k innlegg