Vår SFO har ofte servering, helst frukt og vafler/kaker (i tide og utide). Det blir tilrettelagt for jenta mi som har cøliaki, men kostnanden er det gjerne vi som tar sjølv. SFO er ikkje pålagt å kjøpe inn særskild mat for allergikerar. Skulen er det, i den grad dei har mat, fordi skulen er pålagt å følge prinsippet om at alle barn skal kunne gå der, ha likeverdige forhold, og det skal vere gratis for foreldra. SFO er noko heilt anna, er f.eks frivillig.
Vi betaler ikkje inn ekstra matpengar, men vi bidrar med litt her og der. Kakestykker til frysaren f.eks. Men dei skaffar ein del sjølv også. Når dei har tomatsuppe, kjøper dei rett-i-koppen pose til henne (den eine som finst som er utan gluten). Nå har eg hinta om at det er mulig å lage tomtasuppe frå boksetomater da, til alle, men den går ikkje heilt inn
Hovedmåltidet på SFO er nistemat heimefra. (likvel betaler nesten 5000 i månaden for to barn)
Argumentet frå SFO si side er at det er feil at mitt barn sitt behov for glutenfritt kosthold skal gå på bekostning av dei andre barna. Ein pakke glutenfrie pølsebrød kostar svært mykje meir enn dei med gluten, og vil dermed "stjele" frå matbudsjettet til dei andre barna. Logikken er jo ganske klar og eg forstår prinsippet. Men eg skulle nok ønske at ein var litt meir opplyst om kosthold generelt ja. Da kunne dei f.eks både spart pengar, hatt litt sunnare mat, og lagd alt i ei gryte i staden for to.