Eg skjønner ikkje dette med at VG og NRK går ut og seier at ein bør føle seg lurt og manipulert på grunn av at ein støtta NOAS i går.
Ok, innlegget til Joner var ikkje eit spontant innlegg, men eg ser dagleg kampanjer i SoMe som eg ikkje støtter. Det er ikkje slik at folk støtter ein ideell organisasjon bare fordi ein skuespiller seier det (eller som ein eller annan skreiv på Twitter i dag: "Det er ikkje George Clooney som vil ha oss til å kjøpe Nespresso, men Nespresso!") Eg ville ikkje ha gitt ei gåve til pelsdyrnæringa dersom ein skuespiller oppfordra til det.
Er ikkje folk såpass kritiske at dei undersøker kva dei støtter før dei støtter noko? Og korfor skal ein då eigentleg føle seg manipulert og lurt?
nokon
23k innlegg