Chiffre skrev:
Gjør de det? Jeg trodde ikke de lærde (i denne sammenhengen lingvister o.l.) brukte såpass ladede ord om språklige endringer. (Jeg ser her bort fra Finn-Erik Vinje, som, vel, er noe for seg selv, for ikke å bruke sterkere uttrykk. 😛)
Nah. Det er vel nettopp derfor skillet kj/sj er i ferd med å forsvinne - fordi vi ikke behøver denne nyansen. Dersom det hadde vært for mange lydlike ord, og stort potensiale for misforståelser, hadde skillet blitt værende.
Sånn helt personlig synes jeg det er fælt å høre på de som «skjøper skjinobilletter», men jeg skjønner (kjønner?) jo utmerket godt hva de mener, så det argumentet holder ikke.
Dessverre.
Då eg gjekk på Blindern hadde vi ein veldig interessant debatt med fleire seriøse språkforskarar på instituttet (nordistikk og lingvistikk) under overskrifta "Skj-lyden: utvikling eller forfall?". Men det var jo ein tittel som skulle fenge og trekke folk til arrangementet. Det er ein reportasje om akkurat dette, på ein av "Typisk norsk"-dvdane (hæ? Sa nokon nerd?) også, kor Skjærven mellom anna intervjuer Arne Torp (språkhistorikar) om tematikken. Og det er inga eining i forakningsmiljøet om kor vidt dette er eit naturleg neste steg i utviklinga frå eksplisitt uttale av s-j-øen og s-k-ien (som forsåvidt heller ikkje var lydlike for 800 år sidan), eller om vi treng desse distinksjonane.
Ein skjønner kva folk meiner utifrå samanhengen, ja, men om vi skal bruke dette argumentet i alle samanhenger, vil grammatikken i mange tilfelle bli overflødig. Om vi ønsker å ivareta eit standardisert språk, treng vi desse normene for korrekt språk. Då er det ikkje nok å skjønne kva folk seier utifrå samanhengen. Eg meiner at språkutvikling bør gå mot forenkling, og eg trur ikkje at å auke antallet lydlike ord, er ei forenkling av språket. Elevar som er nybegynnarar i norsk, har i alle fall ofte problem med å skilje mellom ulike betydninger, når ord blir uttalt eller skrive likt.