Vi har i snart to månader vore eigarar av ein ny Nissan Leaf. Den blei kjøpt som bil nr. 2, og hovedsaklig til mitt bruk. Den blir brukt til pendling inn til jobb (ca 4-5 mil ein veg), og har gjort kvardagen lettare når vi nå slepp å bruke buss (som tar nesten ein time ein veg). Vanlig bil til byen blir ikkje brukt på grunn av miljø (vi har dieselbil). Nissan Leaf er det næraste ein kjem plug-and-play vil eg påstå 😉
Bilen er altså fantastisk å bruke! Den er meir trafikksikker enn andre el-bilar, som var eit viktig poeng for meg - eg vil ikkje kjøre rundt i ein blikkboks. Den har automatgir (som var litt rart for meg i starten), og er sterk som fy. Mykje raskare å få fart på enn gode gamle Touran'en i alle fall 😉 Vel er han kanskje ikkje vakker, og det er litt dårlige fjernlys syns eg. Men elles er den ein nytelse å kjøre. Nå har arbeidsgjevar sørga for stikkontakt ute på jobben, slik at eg slepp rekkeviddeangsten
Så denne bilen kan eg beint fram tilrå som ein god nr. 2 bil, til den som pendlar, og til den som vil ha ein god, miljøvennlig bil.