Ivars_mamma skrev:
Jeg kan bare snakke for meg selv, men jeg angrer ikke min forholdsvis enkle yrkesskole utdannelse, påtoppet med fagbrev. Og jeg har visst blitt godt over 30....
Da jeg ble faglært tjente jeg bedre enn min universitetsutdannede far. Jeg tjener ikke så forbasket bra.
Sånn for å svare på det opprinnelige spørsmålet, så leser jeg aviser, ser på nyheter og masse såpeserier.

Eg har inntrykk av at det er mange som deg og. Det er derfor eg lurer på om "Eg burde vel ha studert meir, men eg orker ikkje ta påbygg" er ein slik ting folk seier, når dei møter meg, fordi eg presenterer meg og seier at eg er norsklærar på vidaregåande skule. Av og til har eg inntrykk av at det er ein slags tvang over det å skulle innrømme at ein burde hatt høgare utdanning, viss du skjønner? Den perioden eg skreiv master i litteratur, hadde eg ein tendens til å ha følgjande samtalar på fest og i bryllup, når eg møtte folk eg ikkje hadde snakka med på lenge:
- Hei, det var lenge sidan! Kva driv du med?
- Eg skriv master i litteratur, enn du.
- Åh, er ikkje det vanskeleg? Eg er bare rørlegger/frisør/hjelpepleiar/elektrikar etc. Men eg har dysleksi og har aldri vore spesielt flink til å lese.
Nå er det lenge sidan eg har vore i ein setting kor eg har møtt folk som eg gjekk på barne- og ungdomsskulen saman med, men eg blei stadig forundra over denne tendensen til å nedvurdere seg sjølv og det ein sjølv dreiv med. Eg lurer av og til på om det enten er slik at fagarbeidarar har dårleg sjølvtillit i møte med akademikarar, eller at dei tenker at dei burde unnskulde seg for sitt val, fordi dei trur at ein akademikar ser ned på ein fagarbeidarar. Nå i det siste har samtalane vore slik:
- Hei det var lenge sidan, kva driv du med?
- Eg er norsklærar på ein vidaregåande skule.
- Åh. Ja, eg er rørlegger/frisør/hjelpepleiar/elektrikar etc. og har tenkt at eg burde ta påbygg, men det er så vanskeleg. Norsklærar, altså?
Eg synest ikkje det er dårleg å vere rørleggar eller frisør, men eg har inntrykk av at folk føler dei må beklage yrkesvalet sitt, når eg seier kva eg driv med. Men eg veit ikkje korfor.