Angåande akupunktur er det forskning som pågår på dette feltet:
http://www.med.uio.no/helsam/forskning/prosjekter/acuback/index.html
http://aim.bmj.com
Eg tenker at både det og forskning på kosthold/sjukdom viser at impulser frå alternativbransjen blir forska på, dokumentert eller avkrefta, deretter innlemma eller avvist av evidensbasert medisin. Og det trur eg skjer kontinuerlig.
Eg er sjølv med som pasient i eit slikt prosjekt. Det foregår på ein spesialistinstitusjon, der dei seier at dei har lang klinisk erfaring med bruk av ein behandlingsmodell og at det prosjektet handler om den formelle dokumentasjonen. Og det er jo slik det beveger seg framover.
Eg tenker at det er synd at det ikkje er kontroll med ein del slike alternative behandlingsformer. Det er stor forskjell på både kiropraktorer og akupunktører. Eg har i alle fall to veldig ulike erfaringer. Den eine sa etter litt behandling at han ikkje kunne hjelpe meg med anna enn akutt smertelindring, at han anbefalte henvisning vidare til konkret sjukehusavdeling, bad om tillatelse til å snakke med fastlegen min om saken. Den andre (som for øvrig seinare deltok i Folkeopplysningen på NRK og blei framstilt rimelig kritisk) var opptatt av meirsalg innad på klinikken. Ho kom med forslag om å få ein kollega til å kjenne på mineralbqlamsen i kroppen min og var svært motvillig til å oppklare når fastlegen ringte og sa at han ikkje forstod det eg gjenfortalte. Den første var veldig tydeleg på kva som var innafor kompetanseområdet hans. Den andre blei nærmast meir opptatt av å halde på meg som pasient for kvar time eg hadde.
Utfordringa er jo at utan beskytta tittel blir det opp til den enkelte pasienten å foreta den kritiske vurderinga av behandlaren. Og det er fristande å fortsette på den klinikken der dei gjentatte gonger kjem med (dyre) forslag til løysing, framføre å fortsette hos ein som seier at dette er utføre mitt kompetanseområde.